– Dei siste vekene har vi selt nesten 800 Aasen-boksarar, fortel tunvert Ingrid Opedal.

Salet har vore godt både i butikken og i nettbutikken. Ikkje overraskande er det Aasen-boksaren som tronar øvst, men tunvert Ingrid Opedal har registrert fleire bestseljarar. – Sportstoppen «Mellom bakkar og berg» har segla opp som ein god nummer to, etter at vi lanserte den i juni i år.

Butikken held ope kvar dag til og med laurdag, men stengjer då for året. Nettbutikken garanterer ikkje lenger levering før jul, så laurdag er siste sjanse for dei som vil leggje dei særeigne Aasen-varene under treet.

Nynorske varer

Opedal fortel at fleire kundar gler seg over utvalet i nynorske cd-ar og barnebøker. I bokhylla er det bøkene til Sigmund Falch som peikar seg ut.

– Sigmund Falch gir gamle og tilsynelatande trauste fotografi nytt liv med overraskande og humoristiske tekstar. Han treff ei svært brei målgruppe, seier Opedal.

I tillegg har folk lagt merke til at Aasen-tunet har eit stort utval i nynorske julehefte, mellom anna «Jolagrisen Gisse» med tekst av Linda Eide. Songhefta med nynorske julesongar er det også mange som set pris på. Tekstiljulekorta med Jakob Sande-tekstar har vore svært populære og er no komne tilbake til butikken i fleire variantar.

foto
Nokre av dei nynorske julehefta dei kan tilby i tunet.