Fredag 17. august står bluesgjengen igjen på scenen for å levere blues til publikum.

– Dei satsar som alltid på god variert bluesmusikk. Dette har i alle år våre ein «festival i festivalen», der ei rekke band har spelt seg gjennom kvelden med både muntre, seige og røffe tonar. Vi synest det er stas og få dette tilendå ein gong, smiler presseansvarlig Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen.

– Trebåtar og blues har mykje til felles; seige taktfaste tonar og lange tradisjonar. Vi er heldige som har slike standhaftige og flinke musikarar på Sunnmøre, seier pressesjefen.

Eit av banda arrangørane er spante på, er Ståle Dimmen & Blaa Mixture:

– Her får vi staut sunnmørsdialekt blanda med blues og hint av rock, funk og country. Bandet har faktisk plateslepp på Wood Boat Blues. Dette blir ekslusivt for Trebaatfestivalen den 17.august, fortel Muggerud.

Ståle Dimmen har elleslang røynsle frå trubadur og pubmusikk. No har han altså no spinka og spart for å lage si eiga ekte bluesplate.

Ståle er opprinneleg frå Ulsteinvik, men bur i Volda Ståle Dimmen & Blaa Mixture består av: Ståle Dimmen (vokal, gitar, munnspel), Bertil E. Tødenes (trommer, kor), Martin Foldal (bass, kor), Peter Demirov (Hammond-orgel, ymse tangentar, kor).

Arrangørane reknar med fansen dukkar opp både frå eine og andre kanten.

Eit anna band som skal levere varene denne kvelden, er Frank Bjørdal and his Blues Revue.

– Dette er eit av Noregs mest spanande bluesband for tida, meiner pressesjef Muggerud.

Bandet vert leia av nettopp gitarist og vokalist Frank Bjørdal, mellom kjennarar rekna som ein gitarist i toppklasse.

– Bjørdal har samla eit kanonlag av musikarar. Sju mann på scenen. Med humø r, med vitalitet, virtoust og med ei heftig blåserekke. Bandet framstår som ein rotekte rekreasjon av 50-talets drivande swing og rhythmn`blues band. Med tydelige referansar til artister som T-bone Walker, Gate MouthBrown, Pee Wee Crayton, Little Richard, BB king og Bobby Bland tek dette bandet deg med attende til tida då dansesko, korte skjørt, smoking og høg cigarføring var tingen, reklamerer Muggerud

Frank Bjørdal and his Blues Revue er også plateaktuelle. I kofferten har dei med ei ersk plate. Wood Boat blues er såleis ein del av sommarens releaseturné.

Bandet består av: Frank Bjørdal (gitar og vokal), Pål Bjurbeck (gitar), Frank Winsjansen (kontrabass), Robert Lien (trommer), Sven Bernt Ellingseter (alt- og tenorsaxofon), Jon Legernes (alt- og barytonsaxofon) og Øystein Blindheim (piano)

The Red Rooster Blues band frå Volda er også klar for å spele i Ulsteinvik under festivalen. Varemerket er dansbar blues og lun humor. The Red Roosters er eit relativt nystarta band, men medlemmane er slett ikkje nye innanfor bluessjangeren. Dei var for over 20 år sidan med på å starte opp Bokke-Reidars Blues Band. I tillegg har dei opp gjennom åra på kvar sin kant vore med i ei rekkje band innanfor ulike stilartar.

– The Red Roosters spelar i hovudsak blues som appellerer til dansefoten og det gode humøret, og folk smett fort fram på dansegolvet når ”roosterane” byd opp med blå tonar og kjekke rytmer. Desse karane likar tydeleg å ha det moro saman med danseglade menneske, avsluttar Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen.

Bandet består av Svein Hunnes (bass, vokal), Stein Hjelle (gitar, vokal), Per Arne Brandal (gitar) og Vebjørn Vestre (trommer)

Billettar til Wood Boat Blues kan du skaffe deg på Billettservice sine nettsider, eller på Posten eller Narvesen. Det blir også mogleg å få kjøpe seg billettar i festivalteltet under arrangementet.

Frank Bjørdal and his Blues Revue Frank Bjørdal (gitar og vokal), Pål Bjurbeck (gitar), Frank Winsjansen (kontrabass), Robert Lien (trommer), Sven Bernt Ellingseter (alt- og tenorsaxofon), Jon Legernes (alt- og barytonsaxofon) og Øystein Blindheim (piano)
The Red Rooster Blues band frå Volda består av Svein Hunnes (bass, vokal), Stein Hjelle (gitar, vokal), Per Arne Brandal (gitar) og Vebjørn Vestre (trommer)