På tampen av fjoråret skreiv Vikebladet Vestposten om at Arbeidstilsynet hadde vore på tilsyn med UEKF i desember. Det førte mellom anna til at tre maskiner vart stansa. Desse pålegga er gjennomført og avslutta.

Men det var ikkje maskinene som var grunnen til at Arbeidstilsynet kom på tilsyn. Dei ville sjekke arbeidstilhøva for dei tilsette i Storehølvegen 7. Og her fann dei fleire brot på arbeidsmiljølova.

UEKF har no fått fire pålegg:

1. Innan 15. februar 2024 skal UEKF sende inn korleis dei skal vareta kravet om fullt forsvarlege arbeidsplassar og arbeidslokale for tilsette ved Eigedomsforvaltninga, for tida stasjonert med base i Storehølvegen 7, både på kort og lang sikt. Dei tilsette må få tilstrekkeleg tal på kjønnsdelte toalett for personalet, og tilgang på HCWC. Dei skal ha pauserom dimensjonert til rett tal på tilsette. Det skal vere kjønnsdelte garderobar og nok plass til å variere arbeidsstilling. Det skal vere god nok ventilasjon og eigen plass til å tørke klede og sko.

2. Innan 15. mars 2024 skal UEKF gjennomføre ei kartlegging og risikovurdering. Arbeidsgivar skal mellom anna sjå på risiko knytt til vald og trugslar om vald, ergonomiske forhold ved dataskjerm i garasjen og oppbevaring av kjemikaliar.

3. Innan 15. mars 2024 skal UEKF også sende inn oversikt over eventuelt gjennomførte tiltak. Planen skal omfatte kva ytterlegare risikovurderingar UEKF må gjere, korleis arbeidsgjevar vil sørge for at arbeidstakar som bruker utstyr får naudsynt opplæring, og informasjon om korleis arbeidsgjevar vil sørge for at arbeidstakarane får informasjon om risikofaktorar knytt til arbeidets art.

4. Det siste pålegget er at UEKF innan 15. mars 2024 skal skildre korleis bedriftshelsetenesten har hjelpt arbeidsgjevar med å lukke pålegga som følgjer denne tilsynssaka.

Det første pålegget står det at verneombod skal medverke i arbeidet. På punkt 2 og 3 skal både arbeidstakarane, verneombod og tillitsvalde ha medverka.

UEKF har rett til å klage på vedtaket om desse pålegga.

Det Paul Arne Ulstein, dagleg leiar i UEKF, sa til Vikebladet Vestposten i desember var at han såg ikkje for seg at dei får til å rette pålegga frå Arbeidstilsynet i dagens lokale, dei må finne seg nye lokale å leige. I brevet frå Arbeidstilsynet om vedtak av pålegg står det at arbeidstilhøva var kjent for arbeidsgjevar. På tilsynet vart Arbeidstilsynet orientert om at styret i UEKF var orientert om forholda, men dei kunne ikkje prioritere tiltak grunna økonomiske omsyn.

– Det ble opplyst at styret hadde fått informasjon om alternative løsninger i form av å leie andre arbeidslokaler. Dette har ikke fått gjennomslag, skriv Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet skriv vidare: «Arbeidsgiver har ikke sørget for at de fysiske forholdene er i tråd med lovens krav, og en velferdsmessig standard som følger utviklingen i samfunnet for øvrig.»