Politiet i Møre og Romsdal skriv fredag på twitter at det har blitt gjennomført ein promillekontroll i Haddal. 38 sjåførar vart kontrollerte og resultatet var positivt, for ingen av sjåførane som vart stoppa fekk noko form for reaksjon frå politiet.

Politiet har gjennomført fleire promillekontrollar rundt om i fylket fredag. I Ørsta vart 67 bilistar kontrollerte ved Vatnevatnet. Også der vart kontrollen gjennomført utan at politiet fann grunn til å reagere.