Sandra Lynn Bjåstad er blant dei som har sendt inn bilete av nordlyset til Vikebladet Vestposten søndag. Ho fanga nordlyset over Hareid.

Også i Hjørungavåg var nordlyset synleg, og med mykje meir farge enn berre den grøne ein oftast ser.

Vanvittig nordlys frå Hjørungavåg, melder Odd Gunnar Rise. Foto: Odd Gunnar Rise

Camilla Kleppe har også delt nokre flotte bilete av nordlyset søndag kveld, som viser korleis fargane vekslar frå grønt til rosa og lilla.

Patryk Niewiada har sendt inn desse tre bileta av nordlyset søndag:

Manfred Pisula fekk sett nordlyset i Fløstranda:

Også Ulstein-ordførar Stian Skorgen Scheide var ute i haustkvelden og fekk fanga nordlys. Scheide har sendt desse bileta frå Hasundhornet:

Andrine Birkhol Djupvikvåg har sendt inn denne bileteserien:

Tor Gunnar Eriksen har sendt inn dette biletet som viser det flotte nordlyset over Herøy gard. Foto: Tor Gunnar Eriksen

Rebecca Øvrelid Solheim fanga desse bileta over hustaket på Bigset:

I saka under kan du sjå bileta som vart sendt inn til Vikebladet Vestposten av nordlyset laurdag.

Fekk du eit blinkskot av nordlyset? Send gjerne inn bilete til redaksjon@vikebladet.no.

Fekk du fanga nordlyset på film? Då kan du enkelt sende videoane via denne lenka: https://luups.link/6ef23