(Fjordenes Tidende): No er det bestemt kva som skal skje vidare med Hurtigruten Expeditions sitt skip, Fridtjof Nansen, som har lege ved kai på Trollebø i Måløy i over ei veke etter at grunnstøytinga i Djupsundet like utanfor Måløy.

Pressevakt Øystein Knoph i Hurtigruten Expeditions seier fredag til Fjordenes Tidende at skadane som er på MS Fridtjof Nansen skal utbetrast på verftet Westcon Yards i Florø.

– Skipet har ei flenge på den eine sida av skroget. I tillegg er det skader på den eine stabilisatoren på same sida. Vatnet som har kome inn har også gjort skader på delar av det elektriske anlegget om bord. Det må også reparerast, seier Knoph.

foto
Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen ligg framleis i Måløy, men vil køyre til Florø når vêr og kapasitet på verftet tillét det. Foto: Erling Wåge/Fjordenes Tidende.

Han peikar på at det er for tidleg å seie nøyaktig kor lang tid det vil gå før arbeidet vil starte og kor lang tid det vil ta.

– Det vil gå endå eit par veker før det er ledig plass i tørrdokka til verftet i Florø som skal gjere jobben. Derfor ligg vi til kai i Måløy ei stund til, og skal flytte båten sørover til Florø når vêret er blitt betre, seier Knoph.

Gjekk på grunn med 398 personar om bord

Det var klokka 03.17 natt til onsdag 12. januar at Fridtjof Nansen gjekk på grunn ved Risøy i det smale Djupsundet like sør for Måløy.

Om bord var det 233 passasjerar og ei besetning på 165, totalt 398 personar. Skipet klarte å komme seg av grunn ved eiga hjelp, og klarte også å gå til kai på Trollebø i Måløy.

foto
Skipet gjekk på grunn i Djupesundet natt til onsdag 12. januar. Foto: Erling Wåge/Fjordenes Tidende.

Passasjerane vart ut på ettermiddagen onsdag evakuert frå skipet og sendt med bussar til Ålesund før dei vart transporterte heim på ulike måtar.

Fredag vart skipet flytta litt lengre sørover på kaia på Trollebø for å gje betre plass til lasting og lossing av containerar. Denne operasjonen gjekk heilt fint.

Kjenner ikkje årsaka enno

Etter det Fjordenes Tidende får opplyst er det ikkje endeleg klarlagt kvifor skipet gjekk på grunn denne natta.

Skipet hadde vore på cruise i fleire døgn då uhellet skjedde. Cruiset starta i Hamburg i Tyskland og var på veg sørover langs norskekysten. Etter planen skulle Fridtjof Nansen til Flåm i Sognefjorden onsdag kveld. Men ekspedisjonen stansa altså like sør for Måløy.

Hurtigruten har tidlegare opplyst at ingen av dei 398 personane som var om bord vart fysisk skadde. Det vart heller ikkje utslepp av olje eller andre flytande stoff frå skipet.

Politiet i Måløy har vore om bord i skipet for å gjere sine undersøkingar. Dei har så langt ikkje funne noko lovbrot etter å ha snakka med sentrale personar om bord på skipet.

Denne saka blei først publisert av Fjordenes Tidende.

foto
Får oppdraget: Det er Westcon Yards i Florø som har fått oppdraget med å reparere skadene på Fridtjof Nansen. Foto: Gjert Myrestrand/Fjordenes Tidende.