Den siste veka har vi hatt varsel om både ekstremvêr og kraftig vind, men meteorologane gir seg ikkje med det. Denne veka er det sendt ut gule farevarsel for både vind og snø.

Farevarsla gjeld frå onsdag til torsdag.

Etter meldingane byrjar onsdagen med sju-åtte plussgrader i Ulsteinvik, men utover dagen skal det blåse opp. Det er på det kraftigaste venta vindkast opp mot 33 m/s.

Med den aukande vinden frå nordvest vil også temperaturen gå ned fleire grader. Utover dagen ventar ein difor at nedbøren går frå regn til snø. Det er sendt ut gult farevarsel om snø. Nokre stadar kan det kome opp mot 25 centimeter snø, men det vil truleg snø meir i indre strok.

Det er venta at vinden spaknar utover føremiddagen torsdag, då det også er meldt noko mindre nedbør enn onsdag. Mot slutten av veka skal også temperaturane stige igjen, men ein må bu seg på ein god del nedbør både i slutten på denne veka og i byrjinga av den neste.