Samlar inn: Iryna Hovlid takkar folk og bedrifter i Hareid og Ulstein for at dei har gitt mykje utstyr til innsamlingsaksjonen ho er med på. Laurdag i førre veke leverte ho mykje varer til Ålesund, og no har det begynt å hauge seg opp att i garasjen hennar. Straks blir det ny runde til innleveringssentralen dei har oppretta i Ålesund. Etter 12. mars er det Røde Kors i Ålesund som skal distribuere vidare. Foto: Anne Gry Eilertsen

Iryna Hovlid frå Kyiv i Ukraina: - Dei to siste vekene har vore eit mareritt

For knapt fire år sidan kom Iryna (51) flyttande frå Kyiv til Hareid. No sit ho skrekkslagen i heimen sin og lyttar til nyhende frå Ukraina. – Vi visste Putin kunne kome til å annektere landet vårt, men trudde ikkje det skulle skje med ein så rå brutalitet, kommenterer ho.