Via ei pressemelding fredag ettermiddag går Politiet i Møre og Romsdal ut og oppmodar publikum om å ikkje dele vidare ein video som no sirkulerer i sosiale medium. Videoen av ei valdshending som fann stad i Skodje har blitt delt.

– Det er straffbart å uretteleg dele bilete, film eller lydopptak av nokon som til dømes blir utsett for vald, eller er i ein svært sårbar eller utsett situasjon, jf. straffelova § 267 a. Slike videoar er ikkje underhaldning, seier Renate Grande, politistasjonssjef ved Nordre Sunnmøre politistasjon.

Politiet oppmodar publikum om å ikkje dele videoen vidare av omsyn og respekt for den fornærma i saka.

Gi beskjed til den som har delt den

Politiet fortel vidare at om ein får ein slik video er det fleire ting ein kan gjere og absolutt ikkje bør gjere.

– Ikkje del vidare og slett videoen. Gi beskjed til den som har delt det om at det ikkje er lov å dele. Be gjerne den som har delt om å slette videoen. Rapportar gjerne delinga til den aktuelle appen det delast i. Mange nettsider og appar har rapporteringsfunksjonar, og du kan be om at bilete og videoar blir sletta, seier Renate Grande avslutningsvis.