Gjennom perioden som utgjer Teknologiveka for 1.–7. trinn i Ulstein-skulen var plastforsøpling og ei berekraftig framtid overordna tema. Korleis ny teknologi kan hjelpe oss å ta vare på miljøet, var spørsmålet ein stilte seg under Teknologiveka.

Ulstein Arena var førre veke staden der barneskuleelevane etter tur og orden fekk utforske spanande teknologiske løysingar. Alle elevane frå og med 4. til 7. trinn fekk bli med på ein rundtur inne i hallen i Ulstein Arena, der dei ulike aktørane hadde rigga seg opp på kvar sin stasjon.

– Vi arrangerer Teknologiveka for å gi elevane litt annleise skuledagar, forklarar Audun Hopland, prosjektleiar for læringsarena Ulstein.

Ulstein kommune er som kjent blant kommunane i landet som satsar mest på teknologilæring i skulen.

Mykje spanande

Det var ikkje reint lite ein kunne vere med på, på denne rundturen. Elevane fekk prøve seg som filmregissørar, printe modellar ved hjelp av ein 3D-printar, styre robotar, lære om dronar, sjå på ungdomsskuleelevane sine sjølvlaga robotar og sjå hologram gjennom såkalla Hololens-briller.

Sistnemnde var det Fosnavåg-baserte Fostech AS som var på plass for å vise fram korleis fungerer. Borna fekk prøve på seg dei avanserte brillene, og såg ut til å like det veldig godt.

– Dette er miljøvennleg teknologi, då du med brillene kan sjå hologram av gjenstandar, som du kanskje elles måtte ha oppsøkt fysisk, fortel Audun Hopland.

Viste fram Kleven-robot

Kodeklubben i Ulsteinvik fekk nyleg ein avansert robot i gåve frå Kleven, som elevane fekk sjå i aksjon i Ulstein Arena.

– Det var ein takksam kodeklubb som fekk denne flotte gåva, og det er stas å kunne vise den fram til elevane, seier Audun Hopland.

Lær Kidsa Koding var også på plass. Høgskulen i Volda hadde fleire spanande stasjonar i hallen. Éin om offline programmering, éin om filminnspeling, og éin om droneflyging. Så var Alvestad Automation frå Ålesund på plass for å vise fram sin teknologi.

Torgeir Waterhouse i IKT-Norge skrytte mykje av Ulstein kommune og teknologiveka i etterkant, og meinte at kommunen var eit eksempel til etterfølging.

Fosnavåg-baserte Fostech AS gav elevane moglegheita til å teste ut Hololens-teknologien. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Berge Myrene ved Høgskulen i Volda lærte elevane mykje om droneflyging, og korleis ein kan nytte dronar innanfor ulike felt. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Desse jentene fekk vere filmstjerner for ein dag, der dei sat framfor «greenscreenen» som Høgskulen i Volda hadde med seg. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.