- Utan Kleven-familien og dei tilsette hadde eg ikkje investert
Petter Stordalen blei møtt med stormande jubel etter sin første tale til dei tilsette i Kleven-konsernet måndag.
Det var veldig god stemning mellom dei tidlegare hovudeigarane i Kleven-familien, her representert ved tidlegare styreleiar Kjersti Kleven og konsernsjef Ståle Rasmussen, og dei nye medeigarane. Her står representantar for to av dei saman med Kjersti og Ståle, Petter Stordalen i midten og konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam til høgre. I bakgrunnen kan ein sjå det første påbyrja ekspedisjonsskipet Kleven byggjer for Hurtigruten.
Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.