Ikkje alle hundeeigarar er like flinke til å plukke opp driten etter hunden sin. Kanskje det kjem av at dei gløymer å ta med seg pose når dei går tur med hunden?

Ulstein kommune vurderer å sleppe til kommersielle aktørar for å få vekk ein del hundedrit.

Firmaet TksPac AB tilbyr seg å etablere 15 hundeposestasjonar i Ulstein. Stasjonane tenkjer dei å plassere ved parkeringsplassar for turvegar, som Gåsneset, Bugarden, Gamleeidet, Uglasætra osb. Det vil også kome opp slike stasjonar i Ulsteinvik sentrum.

På stasjonane kan dei forsyne seg med gratis pose, men dei må sjølve plukke opp avføringa frå hunden og kaste posen i ei avfallsbøtte.

Tiltaket blir finansiert gjennom annonsering på stasjonane. Saka skal opp i teknisk utval torsdag 18. februar.