Anders Riise, ordførar i Hareid, kjem inn som andrevara i styret til Noregs Mållag. Det foreslår i alle fall valnemnda.
Styret blir valt på landsmøtet til Noregs Mållag som er helga 12. -15. april. Landsmøtet blir i år halde i Vinje.
Elles har Magne Aasbrenn (62) frå Fredrikstad takka ja til å halde fram som leiar i to nye år. Nestleiar Jens Kihl (31 år og frå Oslo) har også takka ja til attval.
Valnemnda har framlegg om to nye styremedlemer: Mariann Schjeide og Helene Urdland Karlsen. Mariann Schjeide (53) kjem frå Skjodje og bur delvis i Oslo, og Helene Urdland Karlsen (32) kjem frå Voss og bur i Oslo.
Styremedlemane Peder Lofnes Hauge (29) og Inger Johanne Sæterbakk (37) held også fram i styret.
Framlegg til varaliste:
1. vara er Marianne Granheim Trøyflat (37).
2. vara er Anders Riise (48).
3. vara Birgitta Lim Ersland (29)
4. vara Øyvind Fenne (67).