Ei desembernatt i fjor var ein ung mann og ei ung kvinne frå Ytre Søre Sunnmøre gjester på ein privat fest. Begge hadde drukke alkohol og var påverka av dette. Dei kom i prat og gjekk opp i andre etasje, der mannen etter kvart tvang seg til samleie med kvinna.

Etter litt klarte kvinna og rive seg laus, og dei gjekk kvar for seg ned til dei andre festdeltakarane.

Retten trudde på kvinna

Saka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett 15. mai. Retten har lagt avgjerande vekt på kvinna si forklaring. Ho har forklart seg heilt konsekvent og samanfallande frå ho fortalte om overgrepet til ei venninne, til ein politibetjent i det første uformelle avhøyret på veg til overgrepsmottaket, det ho har forklart på overgrepsmottaket, i nytt politiavhøyr i romjula og i retten.

Mannen endra forklaring

Mannen erkjende straffeskuld i det første politiavhøyret i desember 2016, og i eit politiavhøyr nokre veker seinare forklarte han at kvinna prøvde å vri seg laus medan han heldt henne.

- Det er først etter at tiltalte har fått kjennskap til at han risikerer ei relativt sett lang fengselstraff, at han har endra forklaring på desse punkta. Også i retten forklarte mannen at "ho fekk seg laus" men modifiserte dette med at han aldri heldt henne hardt, og at han slapp henne straks ho vrei seg, heiter det i rettspapira.

Må betale 150.000 kroner i oppreisingserstatning

Retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at mannen har hatt seksuell omgang med kvinna i form av samleie. Retten meiner også at lova sitt krav om vald er oppfylt, sjølv om det er i nedre sjikt for kva som vil vere vald etter lova.

Straffa vart altså fengsel i eitt år og seks månader.

Mannen må også betale 150.000 kroner i oppreisingserstatning til kvinna.