Ein bilhengar vart teken av kraftig vind over Herøybrua onsdag morgon, velta og vart liggande på sida. Hengaren skal ikkje ha vore til hinder for trafikken. Avisa får opplyst at bergingsmannskap tok hand om hengaren noko seinare på formiddagen.

Til Vestlandsnytt fortel Anne Steinvik som var passasjer i ein bil som kom køyrande like bak hengaren at det såg dramatisk akkurat då det skjedde, men at det gjekk veldig bra.

- Sidan vi var først på staden, stoppa vi og gjekk ut for å sjå til sjåføren, og han var heilt uskadd, kunne Steinsvik fortelje.