Ein mann i 50-åra er dømd til 25 dagar i fengsel etter promillekøyring i Ulsteinvik i november. Mannen må også betale ei bot på 40.000 kroner og blir fråteken førarretten i to år.

Ifølgje tiltalen hadde mannen ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,92 milligram per liter luft. Det var målt i ei utandingsprøve halvannan time etter køyringa, og svarar til promille på 1,84.

I rettspapira går det også fram at den domfelte vedgår å ha køyrt bil i det aktuelle tidsrommet, men ikkje at han hadde inntatt alkohol før etter køyreturen. Dette festar ikkje tingretten lit til.

Dei legg mellom anna vekt på den korte tida mellom at køyreturen vart avslutta og fram til politiet kom i kontakt med mannen. Retten meiner det ikkje er sannsynleg at den domfelte kunne drikke så mykje i denne perioden at han ville ha 1,84 i promille halvannan time seinare. Dei utelukkar likevel ikkje at den domfelte kan ha fått i seg meir alkohol etter at han parkerte bilen.

Tingretten legg vekt på at det vart køyrt fem kilometer i alkoholpåverka tilstand, samt at køyringa var svært trafikkfarleg då køyretøyet kom over i feil køyrebane og seinare vart køyrd i grøfta.

– Det var berre flaks at ingen vart skadde. Retten finn ikkje at det ligg føre nokon formildande omstende i saka, skriv tingretten.