Etter to nærast like månadar i eigedomsmarknaden på ytre søre Sunnmøre i inngangen til året, ser ein litt auke i eigedomstransaksjonane i mars. Ikkje nokon stor auke, men likevel opp frå dei to føregåande månadane.

Og denne gongen er det Hareid som trekk opp. Hareid starta året bra med 15 omsette eigedomar i januar, men dette gjekk ned til 11 i februar. I mars er ein oppe i 18, og det er ein meir enn Ulstein, noko som ikkje skjer så veldig ofte.

Framleis er det i Herøy det blit gjennomført flest eigedomstransaksjonar, med 21 i mars, medan Sande er i andre enden av skalaen med seks, to meir enn i februar.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.