Kraftige vindkast og snøfokk gjorde det rett så utriveleg å opphalde seg utandørs onsdagskvelden. Ved paragliderklubben Stratus sin vindmålar på Skafjellet vart det det klokka 21.23 onsdag kveld registrert vindkast opp i 56,9 meter i sekundet. Dette tilsvarer 205 kilometer i timen - eller rundt 110 knop.

I samband med uvêret sist helg vart det det kraftigaste vindkastet som vart registrert på Skafjellet målt 16.30-tida søndag, og var på 44,7 meter i sekundet.

Målaren er plassert på varden på Skafjellet. I tillegg til denne målaren har Stratus målestasjonar på Røyrafjellet på Dimnøya og på Hestelegda ved Hasundhornet. Her vart dei kraftigaste vindkasta onsdag kveld målt til høvesvis 38, 9 meter og 31,9 i sekundet, eller 140 og 114 kilometer i timen.