Folk i Ulstein og Hareid har dei førre åra vore flinke med å dokumentere den store dagen på filmrullar og minnekort. I år ynskjer vi å presentere dine blinkskot i ei stor biletserie på Vikebladet.no, der du kan vera med i trekninga av eit gåvekort.

Beste bilete

Av alle bileta som kjem inn til oss trekkjer vi ut eitt bilete, der fotografen sikrar seg eit gåvekort frå Amfi på 1000 kroner.

Bilete kan sendast inn til lesarfoto@vikebladet.no. Hugs å merke mailen din med fotografens namn og gjerne kva krins. Frist for å sende inn bilete er til og med måndag.

Fotokonkurransen 17. mai er uavhengig frå månadskonkurransen for mai, der du kan vera med i trekninga av eit Vikebladet Vestposten krus med påskrifta "Månadens lesarbilete".