Hasundgot heldt plassen etter spennande innspurtar både i 2012 og 2013. Men i år fekk laget aldri til ei skikkeleg mobilisering då det gjaldt som mest utpå hausten. Hasundgot tok 14 poeng (inkludert tre gratispoeng etter at Sunnylven/Stranda II ikkje stilte til ein kamp). Det var 16 poeng for lite til å halde plassen.

Ser vi på lagoppstillingane i år, har det vore stor gjennomtrekk av spelarar. Men nokre har vore jamne og gode gjennom heile sesongen. Til slutt enda Ruben Muren på 23 stjerner og tok sin andre «årets spelar»-tittel i lokalavisa. Næraste utfordrar Lars Henrik Hasund fekk 18 stjerner.

Ein del skadd

Ruben Muren enda på andreplass på Hasundgot-børsen i fjor. Då vann Martin Nikolai Longva, som i år spelar for   Hareid.

– Det har vore ein sesong som har vore litt prega av skader, og eg spelte mellom anna ikkje dei seks siste kampane denne sesongen, fortel Muren.

Han er framleis skadd og ventar på resultata frå ei MR-undersøking.

Ruben Muren er ikkje nådig når det gjeld Hasundgot denne sesongen:

– Det har vore ein elendig prestasjon, ikkje anna å seie. Det har vore for dårleg oppmøte på trening, og etter kvart for dårleg kampoppmøte også. Det positive er at det er ein del gutespelarar som har fått prøve seg, og fleire som har gjort det bra, så noko godt har det kome ut av sesongen.

Muren fortel at han ikkje veit heilt kva som skjer til neste sesong, men at det er gode sjansar for at han framleis spelar for Hasundgot, så sant han ikkje skal i det militære.

Han er usikker på om Hasundgot kan klare å gå rett opp att til 5.-divisjon på kortast mogeleg tid.

– Det er alltid vanskeleg, ein må truleg vinne nesten alle kampane, men sjansen er der dersom ein satsar på det, seier Muren, som også trur det kan vere eit alternativ å satse meir på utvikling av yngre spelarar ein sesong eller to.

– Vi har mista mange spelar-ar dei siste par sesongane – og når vi ikkje klarer å erstatte desse godt nok, så blir det vanskeleg, meiner han.

Samstundes så er det yngre spelarar i klubben som kan ta nye steg.

– Men det er opp til dei sjølve. Dei må ville trene og vere med og bidra.

Stjerner og toppscorarar:

Topp fem STJERNER Hasundgot 5.-divisjon 2014:

1. Ruben Muren (23)

2. Lars Henrik Hasund (18)

3. Vegard Sundgot (12)

4. Eirik Kalvø Vattøy (11)

5. Halvor Mjøen Berg (9)

5. Tore Romestrand (9)

Topp fem MÅL Hasundgot 5.-divisjon 2014:

1. Eirik Kalvø Vattøy (5)

1. Halvor Mjøen Berg (5)

3. Tore Romestrand (4)

3. Vegard Sundgot (4)

5. Hallbjørn Hasund Thorseth (3)