Vikebladet Vestposten skreiv nyleg om at ein underskriftskampanje hadde blitt starta av fleire initiativtakarar, mot bygging av ei ny arbeidskyrkje like ved eksisterande Ulstein kyrkje. I skrivande stund har 242 personar skrive under.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) har registrert at underskriftskampanjen mot ei ny arbeidskyrkje har samla nok underskrifter, og fortel til lokalavisa at saka skal takast opp igjen i kommunestyret.

– Vi har ein plan om at denne saka skal opp i kommunestyret allereie i slutten av mars, seier Engh.

– Kan bli diskusjon

Ordføraren trur ikkje saka kjem med ei spesiell tilråding frå kommunen si side, men at det blir opna for diskusjon og dialog kring prosjektet som Ulstein Sokn jobbar med.

– Det blir lagt fram slik som saka er no, initiativet frå innbyggjarane, eller underskriftskampanjen, slik dei har framstilt prosjektet her, og så vil det nok frå administrasjonen si side bli sagt noko om kva som har blitt gjort så langt av kommunen, seier Knut Erik Engh.

Det vil bli opp til kommunestyret å avgjere kva ein skal gjere med saka, og initiativet, vidare, fortel ordføraren.

Må få på plass kostnadane

Engh seier vidare at det no blir viktig at Ulstein Sokn får på plass eit kostnadsbilete innan sommaren. Kommunen har allereie løyvd midlar til skisseprosjektet.

– Det er det som er meininga med skisseprosjektet, å kunne presentere både kostnader, og korleis soknet skal samle inn pengar for sin del av kostnadane, seier Engh.

– Toler kommunen eit prosjekt til no, til kanskje fleire titals millionar kroner?

– Det er lagt vekt på frå kommunen si side at kyrkja sjølv skal stå for ein vesentleg del av kostnadane, seier Engh og legg til:

– Eg legg ikkje skjul på at det er delte meiningar kring dette i kommunestyret, og det er usikkert kva utfall mellom anna diskusjonen i neste kommunestyremøte vil få, men eg tenkjer at dersom soknet klarer å samle inn brorparten av pengane som skal til sjølve, så vil det i alle fall auke sjansane for at prosjektet blir gjennomført, seier Engh.

– Ein må også hugse på at det er kommunen sitt ansvar å sørge for at det er tilstrekkeleg kapasitet i dagens kyrkjebygg, og det er det ikkje per i dag. Men som sagt, den økonomiske bereevna blir avgjerande.

– Kan det potensielt bli fatta eit vedtak under kommunestyremøtet der ein går i mot bygging av ei arbeidskyrkje?

– I teorien kan det skje, men eg trur ikkje det. Eg trur det blir for tidleg å konkludere i saka. Soknet må få jobbe ferdig med sin del av prosjektet, så får kommunen ta stilling til dette i arbeidet med budsjett- og økonomiplanen til hausten, seier Knut Erik Engh.

– Svært nøgde

Initiativtakarane bak underskriftskampanjen er glade for at politikarane tek dei på alvor.

– Vi er svært nøgde med den gode responsen kampanjen har fått, og at kommunestyret på bakgrunn av den har valt å revurdere saka. Vi kjem til å følgje debatten, og håpar dei vel å prioritere meir trengande institusjonar, seier Peter Skinnes og Alexander S. Aaker med fleire.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) fortel til Vikebladet Vestposten at han har følgt med på underskriftskampanjen mot ny arbeidskyrkje i Ulstein, og at det vil bli ei sak under neste kommunestyremøte i slutten av mars, der dette blir ei eiga sak. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/Arkiv.