Tenkte eg måtte dele denne med lesarane, sjølv om hendinga ligg eit par månader tilbake i tid.

Eit lykkeleg barnebarn ringde meg frå Ålesund og lurte på om eg kunne kome over frå Hareid for å feire at ho var ferdig med skuleåret.

Snart sat eg ved snøggbåtvinduet og skoda mot rindane på Sulafjellet og lurte på kven av dei som var gåandes. Så kjem ei ung kvinne og set seg ved sida mi. Ho vil sjå billetten. I sidesynet legg eg merke til at ho har ei slags uniform.

Eg viste henne honnørbilletten – og deretter førarkortet, der det stod at eg var fødd i 1951 og såleis komen opp i dei grå år og hår.

– Eg er pensjonist, sa eg sjølvsikker.

– Får utbetalt 17.000 i månen.

Eg skal ikkje tvære det ut; ho baud meg ei bot på 500 kroner. Grensa for honnør ligg nemleg på 67 – og eg var berre knappe 66.

Eg forheldt meg ganske roleg, stakk kortet i betalingsterminalen og prikka inn betalinga. Men i mitt indre forbante eg meg på at det ikkje vart aktuelt å ta snøggbåten heim.

Det vart ein dyr bytur. Vi både shoppa og var på Fjellstua og åt ein finare lunsj, men heimvegen gjekk i ei anna lei.

Jau, eg vurderte Langevågsbåten, og å gå over Sulafjellet til Sulesund og ta ferja derifrå. Men det ville ha blitt dyrare enn snøggbåt Ålesund-Hareid.

Dermed bestemte eg meg for å gå rundt Borgundfjorden - via Moa. Komen inn til Mauseidvåg-tunnelen fall eg i freisting for å ta ein «snarveg» - over tunnelen. Det stod nemleg «Eikrem» på eit gamalt treskilt i ei avkøyrsle opp til venstre like før tunnelopninga. Snarvegen gjorde at eg slapp å gå ned i sjølve Mauseidvågen.

Jammen sa eg snarveg. Det som var en traktorveg forbi dei to første svingane, vart etter kvart ein smal sti som pløgde seg oppover fjellsida i ei heller ufordelaktig lei. Stien kryssa fleire myrvad og til slutt var eg nesten komen opp på austre Sulas høgaste topp og såg innløpet til Hjørundfjorden.

Eg kom meg ned ved klubbhuset til Mauseidvåg og Solevåg Idrettslag, sterkt forseinka. Derifrå prøvde eg stranda bortover mot Sulesund, men vart stansa av svaberga like før Båtneset. Så i huj og hast opp gjennom krattskogen og i full gallopp til ferjekaia der eg spaserte inn i 9-ferja i lag med siste bil.

Eg sparte meg 55 kroner og hadde i tillegg hatt ein tur eg seint vil gløyme.