– Gravearbeidet er no på det næraste sluttført. Første byggetrinn blir to av husa som skal romme fire leilegheiter. Desse er planlagt for innflytting i andre halvdel av oktober. For andre byggetrinn er målsetjinga at dei skal vere innflyttingsklare ved årsskiftet, fortel Sylvia Kvammen ved utbyggaren som er VestlandsHus AS?i Ulsteinvik.

Sentralt og praktisk

Notar-meklar André Nakken som har stått for salet av leilegheitene, fortel om fleire ting som har vekt interesse for denne type bustader i Hareid. – Til dømes gode og praktiske løysingar i bueiningane og plassering både sentralt og nært til flotte friområde, seier han.

Kvart av dei fire bygga i Melshornvegen er inndelt i fire horisontaldelte tomannsbustader med utsikt over Hareid, Sula, Vartdalsfjorden og Sulafjorden mot Breisundet.

– Eg har sjølv budd i området, som er eit flott, roleg og allsidig felt. Feltet er tilbaketrekt frå trafikkstøy og rett nedom går Rotary-stien med store friområdet å ferdast i. I tillegg finst barnehage like ved, og det tek berre fem minutt å gå til Hareid sentrum, påpeikar Kvammen.

Godt tilpassa

Vidare fortel ho at dei har lagt vekt på ei praktisk tilrettelegging på ei flate. Då utan trapper verken innvendig eller utvendig. Dette meiner dei vil vere attraktivt for alle aldersgrupper, frå førstegongsetablerarar til eldre som ynskjer enkle og praktiske løysingar.

– Ein annan stor fordel er at dette skal vere energibesparande bustader som gir lågare utgifter ved oppvarming. Samstundes blir bustadene bygd med radonsperre i botnen for å hindre stråling frå grunnen under husa.

Avslutningsvis informerer Kvammen om at forholda er lagt til rette både innvendig og utvendig for energiøkonomisering og eit sunt inneklima, mellom anna ved hjelp av eit balansert ventilasjonssystem.