Sidan måndag har Ulstein kommune fått melding om 75 nye positive koronatilfelle som alle er stadfesta med PCR-test, opplyser Ulstein kommune torsdag ettermiddag.

Kommunen fortel at av desse 75 nye tilfella er 29 tilknytt Sunnmøre folkehøgskule. Ved Ulstein ungdomsskule er det åtte nye smitta, av desse er dei fleste på 9. trinn. Ved Ulsteinvik barneskule er det 10 nye smitta, og dei fleste av desse er på 7. trinn.

I tillegg er det meldt inn mange positive hurtigtestar som ikkje er stadfesta med PCR. Mange av desse er knytt til utbrotet ved folkehøgskulen, opplyser kommunen.