Ved å skanne dei tomme makrellboksane får ein no 50 øre i pant for kvar einaste boks ein resirkulerer.

Det fortel selskapet Lofotprodukt AS, som får makrellen sin lagt i hermetikkboksar hos Maritim Food i Gjerdsvika.

Sjølv hevdar dei dette er den største pantenyheita sidan flaskepanten vart innført i 1942.

Først i Norge

– Vi er først i Norge med dette, og er heilt sikre på at mange aktørar kjem etter. Over 70 prosent av alle nordmenn et makrell i tomat, noko som svarar til over 30 millionar boksar. Dersom vi kan bidra til at endå fleire leverer makrellboksen til gjenvinning i staden for at den hamnar i søpla, er det mykje å hente for miljøet, seier Øystein Rists, dagleg leiar i Lofotprodukt, i ei pressemelding.

Slik går ein fram: last ned Bower-appen, skann strekkoden på boksen, lever emballasjen til næraste gjenbruksstasjon, og samle pantepengar direkte på mobilen.