Rektor på Ulstein ungdomsskule, Tor Arne Aasen, stadfestar at dei som var involverte i hendinga er elevar på skulen.

- Det var i siste skuletimen måndag. Ein elev utøvde vald med slag og spark mot ein annan elev i ein av garderobane. Hendinga vart filma av ein tredje elev. Filmen er så delt i sosiale medium, fortel Aasen.

Veit de kor mange som har sett videoen?

- Nei, vi veit ikkje kor mange den er send til. Men vi veit at elevar på alle klassestega har sett videoen, og difor valde eg å sende ut informasjon til alle foreldre og føresette no i ettermiddag, seier Aasen.

foto
Tor Arne Aasen, rektor på Ulstein ungdomsskule. Foto: Arkiv Linda Eikrem

Ulstein ungdomsskule har rundt tre hundre elevar og femti tilsette. Elevane har mange av gymtimane i hallen og badeanlegget på Ulstein Arena.

Det var ein lærar som kontakta rektoren og fortalde kva som hadde skjedd. Aasen tok då kontakt med politet.

- Vi ser alvorleg på at det er utøvd vald, at hendinga vart filma og at videoen så vart delt vidare. Det er ulovleg. Vi var raskt på staden då vi fekk beskjed om hendinga, seier politistasjonssjef i Ulstein og Hareid, Hilde Aglen.

Korleis følgjer de opp saka?

- Vi har sikra oss videoen, og følgjer opp med vidare etterforsking og prøver også finne årsaka til det som skjedde. Vi har snakka med dei involverte og skal også snakke med vitne, seier Aglen.

Også skulen følgjer opp dei involverte.

- Det er viktig at vi unngår nye slike hendingar i framtida, seier Tor Arne Aasen.