Oppdatering: B-ruta er i gang igjen frå klokka 13.00, melder Fjord1.

Avgangane i B-ruta i ferjesambandet Hareid-Sulesund er innstilte inntil vidare.

Det melder Fjord1 onsdag morgon.

Årsaka er tekniske problem.

Reiarlaget seier ikkje noko om kor lenge ruta blir innstilt.