Vi opnar for ei ny runde med lesarfoto på Vikebladet.no. Konkurransen, som mange har delteke i sidan oppstarten i januar, har resultert i at seks personar har sikra seg eit flott Vikebladet Vestposten krus med påskrifta "Månadens lesarfoto". Juni er ein flott sommarmånad der det er sjans til å sikre seg gode motiv. No ynskjer vi flotte sommarbilete, der folk og sommarstemning er ein viktig del av motivet.

Gjennom sommaren vil Vikebladet Vestposten leggje tilfeldige innsende sommarbilete inn i papiravisa si sommarside. I tradisjonen tru, vel vi ein vinnar i slutten av månaden som sikrar seg eit vinnarkrus.

Ditt beste sommarbilete sender du til vår faste fotoadresse, lesarfoto@vikebladet.no. Hugs namn på fotograf, namn på dei som er på biletet og kvar biletet er teke. Lukke til.