Ulstein kommune har sendt ut kokevarsel til ein del abonnentar i Haddal. Grunnen er at det er stadfesta E-Coli i drikkevatnet som kjem frå Moldskred vassbehandlingsanlegg.

Kommunen jobbar med å lokalisere årsaka.

Det er abonnentane i dei lilla skraverte områda som er råda til å koke vatnet sitt. Det er ingen abonnentar på sørsida av Haddalelva som er råka.

Det kjem ny melding når kokevarselet opphøyrer.