NETTUTGÅVE: Temasider om hus, hytter og interiør

Dagens regionutgåve av Vikebladet Vestposten har 22 spesialsider med stoff og annonsar rundt temaet hus, hytter og interiør. Dette kan du no lese og bla i via nettavisa – om du klikkar deg vidare frå denne saka – eller trykker på annonsen på framsida av nettavisa.

– Dette gjer vi som ein ekstra service til lesarane og annonsørane våre. Vi opplever ein enorm lesarauke for Vikebladet.no, og vi ønskje å dyrke endå meir kombinasjonen nett og papir, fortel redaktør Asle Geir Widnes Johansen.

Dei 22 spesialsidene vil ligge tilgjengeleg på nettet i 10 dagar. Seinare utover året blir fleire slike temanummer også tilgjengeleg i nettavisa.