På oppdrag frå Ulstein Rotary har Arnljot Myrene teikna ein skulptur til minne om den innsatsen som Hødd har gjort for lokalmiljøet, noko som toppa seg med tittelen Noregsmeistrar i 2012.

Dei 11 kulene skal symbolisere 11 spelarar på ulike nivå, som i samspel blir ein slagkraftig styrke. Ein styrke som førte til siger og cupgull, markert med gullkula i toppen.

Monumentet er teikna for å passe i ei rundkøyring. Ulstein Rotaryklubb markerte tidleg at dei ønskjer å plassere dette i ei rundkøyring i sentrum. Vikebladet Vestposten skreiv om dette i april 2015. Dei bad då bedrifter og privatpersonar vere med å sponse skulpturen som er kostnadsrekna til 350 000 kr med fundamentering og oppsetting.

Vil ikkje fjerne hengjebjørka

IL Hødd har hundreårsjubileum i august 2019, og Ulstein Rotaryklubb ønskjer å få monumentet klart til dette. Dei ber også kommunen koste fundamentering og grunnarbeid.

Kommuneadministrasjonen stiller seg positive til at kommunen bidrar med fundamentering og sokkel til monumentet, men meiner det bør plasserast i tilknyting til Høddvoll stadion.

– Ved ei slik plassering vil monumentet vere med på å ytterlegare heve standarden på stadionanlegget og området kring, understreke klubben si stolte historie til Høddvoll og gje grunnlag for refleksjon over dette ved besøk på stadionområdet, heiter det i tilrådinga til teknisk utval. Der skal saka opp førstkomande torsdag.

Administrasjonen argumenterer også med at kommunen har planta ei hengjebjørk i rundkøyringa ved Amfi.

Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar drift og anlegg i Ulstein kommune, skriv at bjørka veks fort og vil bli ei dekorativ bjørk med kvit stamme som tydeleg markerer rundkøyringa. Dei nedste greinene blir skorne vekk etter kvart. Og for å kvikke opp om våren har gartnaren sett ned tulipanar og påskeliljer i planen. Han meiner at bjørka ikkje må fjernast.

Både IL Hødd og Ulstein Rotaryklubb ønskjer å plassere monumentet i rundkøyringa ved Amfi, då rundkøyringa viser veg oppover til Høddvoll.

11 ballar: Monumentet i syrefast stål er utforma for å stå i ei rundkøyring. Monumentet er luftig og skal gi god sikt til trafikantar. Teikning: Arnljot Myrene Foto: Arnljot Myrene