Kersti Hasund (SV) prøvde å få kommunestyret i Ulstein med på å rullere klimaplanen i år, ikkje vente til neste år som det var foreslått i kommunal plantrategi.

Hasund sit i levekårsutvalet, og dei hadde hadde samrøystes røysta for at denne rulleringa må skje i år. Hasund meiner det hastar med å gjere noko, for at Ulstein kommuen skal bli ein grøn kommune. Hasund sa også at den eksisterande klimaplanen skulle ha vore rullert i 2014, no kan det ikkje vente meir.

Men rådmann Verner Larsen svara at det blir for hektisk å rullere klimaplanen i år. No skal kommunen i gang med rullering av arealdelen av kommuneplanen, det er såpass tidkrevjande at dei ikkje kan ta klimaplanen i år. Difor bør det vente til neste år. Han ville ikkje tilrå oppstart av fleire planar no.

Marianne Breivik (Ap) ville vite om det stemte at klimaplanen skulle ha vore rullert for tre år sidan, og kvifor var det ikkje skjedd? Ho miente det ikkje kunne vere politikarane sitt ansvar å sørgje for at planane blir rullert til rett tid.

Etter å ha fått sjekka litt opp fann rådmannen ut at planen ikkje var rullert, for kommunetyret hadde gjort vedtak om å berre vidareføre planen inntil vidare.

Men Hasund meiner det hastar å få ned klimautsleppa i kommunane for å nå internasjonale avtalar om målsetnader om å få ned klimautstleppa innan 2020. Difor ville ho få rullert planen i år. Men det vart røysta ned i kommunestyret. Framlegget frå Hasund fekk ni røyster (båe to i Senterpartiet, to frå Arbeidarpartiet, 1 frå Venstre, allt tre i Kristeleg Folkeparti og røysta til Hasund).