Delegasjonen frå Ytre Søre som i kveld hadde tatt vegen til Raddisson SAS i  Ålesund for å høyre kva trase regjeringa vil satse på for E 39 jublar over kunngjeringa om at styresmaktene har valt Hafast.

No kan dei ta påskeferie med ei god kjensle.

Sandli er letta

Kjell Sandli seierat han er særs letta og glad.

Det var eit klart vedtak, men eg ser at Hafas-styret har mykje arbeid framfor seg.

Seier ingen ting om byggjestart

Helge Orten(H)  og Harald Tom Nesvik (Frp.) vil på pressekonferansen i kveld ikkje seie noko om kva tid det blir byggestart for Hafast. Det er ikkje lagt inn i budsjett til regjeringa. Det som no er gjort, er å seie klart frå om at regjeringa har valt Hafast-traseen.

Påskeferie med god kjensle

- Alle i industrien på Ytre Søre er letta og glade no. No tek vi påskeferie med ei god kjensle, kommenterer dagleg leiar Terje Høybakk i Maritim forening for Søre Sunnmøre.

Sandli og Høybakk seier dei no vil gjere sitt bestefor at det skal bli oppstart på Hafast innan 5-8 år.

Vil ha fortgang

Men konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven har det travelt. Han meiner det ikkje bør ta meir enn ein 6-8 år før Hafast står ferdig. Dei bør starte planløysinga med det same.

- Dette vil bli ein veldig styrke for regionen. Me ser kor viktig Eiksundsambandet har vore. No vil me sjå det i større skala, melder han.