Like etter sju i kveld, fredag, tok de til å brenne i eit bustadhus i Gjerdefeltet i Hareid.

Naudetatane rykte ut. Brannvesenen i Ulstein hjelpte brannvesenet i Hareid med både mannskap og røykdykkarar.

Huset var tomt for folk. Ingen personar kom til skade, men det vart store skadar på huset.

Det er førebels ikkje klart kvifor det oppstod brann i huset.

Brannen er no sløkt.