Etter 46 år i arbeidslivet kan B-mennesket Olav Sindre Rise endeleg sove frampå om morgonen.

– Men det som er irriterande, er at eg no visst er i ferd med å bli A-menneske, for eg vaknar så tidleg om morgonen, seier Rise.

foto
Olav Sindre Rise (67) heime i stova i Oreteigen.

Heime i huset i Oreteigen på Bigset er det sein morgon eller tidleg formiddag- alt etter som. Den ferske pensjonisten har laga kaffi og fyrt i omnen. Snart skal han køyre til Orkanger, der eine sonen bur.

– Han har fire jenter i alderen eitt til elleve år. Den yngste har ikkje fått plass i barnehage, så då må vi besteforeldre trø til, fortel han.

Både han og kona Oddrun har vore i Orkanger no etter nyttår. Olav Sindre køyrde heim til Bigset på måndag.

– Eg sit i nemnda som skal lage bok til 100-årsjubileet til Hareid IL. Vi hadde møte tysdag, så då tok eg turen, seier Rise.

foto
Olav Sindre Rise, sonen Sindre og kona Oddrun på veg til toppen på Galdhøpiggen i 2018.

Han skildrar seg sjølv som veldig roleg og beherska, ja, så roleg at det visst kan irritere dei som er rundt han.

– Eg kunne sikkert ha vore meir spontan, men det er eg altså ikkje. Eg er nok lik faren og bestefaren min, dei hadde det same lynnet. I arbeidslivet har det i alle fall vore ein fordel å behalde roa også i kritiske situasjonar.

foto
Frå v.: sonen Ola Marius med Mari, kona Oddrun, sonen Sindre, svigerdottera Rannveig Elven med Petra. Ella står fremst. -Barnebarnet Marta er fødd seinare.

Han har ikkje akkurat skifta beite så ofte: han har vore frivillig i Hareid IL i femti år og han jobba i Sunnmørsposten i førti år. Dei siste seks åra i yrkeslivet var han kommunikasjonssjef i Møre og Romsdal politidistrikt.

– Eg kom inn i etaten då arbeidet med politireforma skulle starte. Eg fekk eit jobbtilbod og slo til, særleg fordi dette var eit område eg hadde likt å jobbe med i journalistikken, fortel han.

Det låg ikkje i korta at Olav Sindre skulle bli journalist, for han var ikkje spesielt glad i å skrive då han vaks opp. Han og dei tre søskena vaks opp på ein av gardane på Rise.

– Eg hugsar ein bekymringslaus barndom og oppvekst. Vi var ute, spelte fotball og leika oss i skog og mark. Og eg fatta tidleg interesse for nyheiter, og då særleg alt om sport, seier han.

Unge Rise las aviser så fort han lærte seg å lese, og då familien fekk fjernsyn i 1964, vart han fast sjåar av Dagsrevyen.

– Den gongen drøymde eg om å bli programleiar i Dagsrevyen. Nede i kjellaren laga eg meg til eit lite studio med kamera av pappkasser og slikt.

Du fekk aldri oppfylt den draumen. Har det plaga deg?

– Nei, nei, absolutt ikkje, ler han.

Rise kom tidleg inn i Hareid IL, og satsa mest på mellomdistanseløp.

– Eg trente mykje og vart på eit tidspunkt krinsmeister i terrengløp. Men eg innsåg at talentet ikkje var stort nok, så då engasjerte eg meg heller som frivillig og jobba for å bygge opp friidrettsmiljøet i klubben.

Kvifor har du brukt så mykje tid på frivillig arbeid?

– Det er nok mest fordi eg er veldig interessert i idrett. Og så ser eg på idrettsrørsla som ein god arena for å førebygge ungdomsproblem. Eg må seie eg er uroa for at så mange ungdom slit i dagens samfunn. Her meiner eg det må kome ei nasjonal helsereform for å prioritere psykisk helse, seier Olav Sindre.

foto
Her er han lagleiar under Hjalmar Cup på Høddvoll på nittitalet. Dei to sønene står nærast faren.

Då han som 21-åring, i 1976, fekk tilbod om fast jobb på Sunnmørsposten sitt kontor i Ulsteinvik, takka han ja.

– Då hadde eg allereie vore frilansar nokre år. Eg hugsar at dåverande sjefredaktør Magne Flem sa «Steik kor heldige du er, Rise!», då han fekk sjå arbeidskontrakten. Ei årsløn på 55.000 var ganske bra den gongen, mimrar han.

Kona, Oddrun Grønmyr frå Godøya, møtte han gjennom jobben. Ho var kontorfunksjonær i Sunnmørsposten, og tok i godt vaksen alder lærarutdanning. Dei to gifta seg i 1981 og flytta inn i huset i Oreteigen i 1983. Dei to sønene er i dag 35 og 39 år gamle, den eine er journalist, den andre lektor og historikar.

I 1984 starta hurtigbåttilbodet mellom Hareid og Ålesund, og Olav Sindre meinte det då måtte vere mogleg å pendle til hovudkontoret i Ålesund.

– Då fekk eg hovudansvar for retts- og krimstoffet, og treivst veldig godt med det. Nokre år seinare starta eg faktisk på juss-studiet, men då eg fekk tilbod om å bli redaksjonssjef, droppa eg å gå vidare frå første avdeling.

Har du angra på det seinare?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Men viss eg skulle ha vore noko anna enn journalist, måtte det vere jurist.

foto
Frå tida i Sunnmørsposten: Olav Sindre Rise, Tormod Utne og Sindre Halkjelsvik.

Rise vart seinare nyheitssjef og nyheitsredaktør i avisa, og i 2004 vart han sett til å vidareutvikle nettilbodet på smp.no.

– Det var utfordrande, mellom anna fordi det var krevjande å lage både papir- og nettavis, og fordi det ikkje var alle tilsette som trudde på at nett kom til å bli dominerande i nyheitsformidlinga i framtida.

Krevjande har det også vere å drive kommunikasjonsarbeid i ei reformtid i politiet.

– Politidistriktet skulle drivast samtidig som endringane skulle gjennomførast. Det var slitasje på dei tilsette, og det kom ein del kritikk gjennom media. Men no når reforma snart er avslutta, meiner eg at polititenesta har fått ein mykje høgare kvalitet. Og det mange sikkert ikkje veit, er at det dei siste åra har kome nesten 150 nye tilsette i politiet her i fylket, seier han, som har vore fast i leiargruppa til politimeisteren.

foto
Olav Sindre er tidtakar under Snipsøyrvatnet Rundt i 2017.

Frå nyttår vart Rise pensjonist, og no kan han bruke tida si akkurat slik han vil. B-mennesket slepp å stå opp klokka seks for å rekke hurtigbåten, og han gler seg til å følgje sendingane nattetid frå vinter-OL i Beijing. Huset på Bigset og hytta på Bjorli krev sitt av vedlikehald, Hareid IL skal framleis få ein del av tida hans, og han likar å vere i vedskogen. Og han er framleis avismann som abonnerer på ei rekkje aviser.

– Og så kan eg også tenkje meg å skrive journalistikk igjen, vere kommentator kanskje?

Du framstår veldig roleg og sindig, er det ingen ting som uroar deg?

– Jau, det uroar meg at konspirasjonsteoriar får støtte frå stadig fleire. Det finst mange slike teoriar, spesielt i USA. Her i Noreg fekk vi dette veltande over oss då Donald Trump vart president, for han trur sjølv på slike teoriar. Eg har alltid vore ein forsvarar av ytringsfridomen, men det uroar meg det vi har sett no under koronapandemien. Her er grupperingar som ikkje vil innrette seg etter råda frå styresmaktene, og folk har døydd som følgje av det. Det uroar meg viss det skal bli slik også i nye krisesituasjonar, seier Olav Sindre Rise.