Det er berre å finne fram blyant og papir, og kanskje ein kikkert – i helga kan alle som vil vere med på den store hagefuglteljinga.

Det er BirdLife Norge som arrangerer teljinga 29.–30. januar, og dette er den femtande teljinga i rekkja.

I fjor deltok over 30.000 personar, og det kom det inn rapportar frå heile 13 000 fôringsplassar om til saman 583 000 fuglar.

BirdLife Norge, tidlegare Norsk Ornitologisk Forening, håper på rekorddeltaking i år.

– Alle som matar fuglar ved bustaden sin eller hytta kan delta. I desse koronatider må vel dette vere midt i blinken som ein hyggeleg aktivitet for heile familien, seier organisasjonskonsulent Morten Ree.

– På grunn av koronasituasjonen har folk endra åtferda si og er meir opptekne av dei nære tinga. Mange brukar naturen meir enn før. I tillegg må folk vere meir heime og mange har av den grunn starta med fugleforing eller intensivert denne interessa, seier han.

Vil skape interesse

Målet med hagefuglteljinga er å skape interesse og auke kunnskapen om fuglar og natur og vise at fuglefôring er ein underhaldande og lærerik aktivitet.

Årleg blir det seld rundt 18 millionar kilo med villfuglmat. BirdLife Norge reknar med at i alt 400.000 nordmenn hjelper dei små fjørkledde vennene våre med mat no i vinterhalvåret.

Teljinga skjer ved at ein noterer talet på fuglar av kvar art som du ser på fuglebrettet og rundt fôringsplassen på ein dag. Det skal noterast det høgaste talet ein ser på ein gong av kvar fugleart. Ser du fuglar som flyg over nærområdet, kan det òg noterast. Det same gjeld dei pattedyra som måtte dukke opp, som mellom anna ekorn og rådyr.

Fugleteljinga skal leggjast inn på Fuglevennens nettside. Oversikt over talet på hagar, artar og individ som blir registrerte, blir oppdatert på nettsida med ein gong nokon har lagt inn observasjonane sine.

Kjøttmeis vanlegast

Teljingane dei siste 14 åra har vist at den vanlegaste vinterfuglen vår, kjøttmeis, har hatt ein klar tilbakegang. Han er framleis så vanleg at folk ikkje tenkjer over det, men det gjennomsnittlege talet på kjøttmeis ved fôringsplassane har gått gradvis nedover frå ti fuglar per fôringsplass til litt over seks, opplyser BirdLife Norge i ei pressemelding.

Også andre meiseartar viser tilbakegang.

Ei av årsakene til tilbakegangen for mange sporvefuglar kan vere den store nedgangen i mengda insekt. Fuglane er avhengige av å ha nok larvar og insekt for å kunne mate ungane sine.

Klimaet, med mildare og meir snøfattig vintrar, gjer også at utbreiinga av ulike fugleartar endrar seg, og ein del artar som normalt trekkjer ut av landet, vel i aukande grad overvintring i Noreg.

Mest fugl i vest

På landsbasis er kjøttmeis, blåmeis og skjor, i nemnde rekkjefølgje, dei mest utbreidde fuglane. Men det er store regionale forskjellar.

Vestlandet har på grunn av mildt og snøfattig klima flest fuglar og flest artar. Dette minkar dess høgare opp i terrenget og dess lenger nord ein kjem.

Svarttrost og rødstrupe er vanlege artar på Vestlandet, men så godt som fråverande i det kalde og ofte snørike klimaet i Innlandet og i Nord-Noreg.