Dei lokale Høgre-laga har sett seg lei av trafikktilhøva over Dragsundbrua. Høgre i dei sju kommunane Ulstein, Herøy, Sande, Hareid, Ørsta, Volda og Vanylven meiner det er på høg tid at noko skjer.

Rett nok slo ein rapport for nokre år sidan fast at brua var i god stand, men dei meiner det ikkje er tilstanden til brua som er det største problemet. Problemet er at brua er smal, kombinert med at den er så bratt at ein har dårleg sikt for kva køyretøy som kjem i mot.

Tine Storøy (Herøy Høgre) og Stian Skorgen Scheide (Ulstein Høgre) har høyrd syklistar fortelje om fleire farlege situasjonar når dei har sykla over brua. Sjølv kan dei ikkje forstå korleis nokon torer å sykle over her. Dei hadde heller ikkje likt å gå over brua.

Ulstein og Herøy må samarbeide

På førstkomande kommunestyremøte vil Ulstein Høgre be Ulstein kommune prioritere å starte reguleringsabreidet for ny Dragsundbru. Herøy Høgre vil foreslå det same på Herøy-sida, for her må kommunane Ulstein og Herøy samarbeide om brua som bind dei to kommunane i lag.

– Me som grunneigarar køyrer igang med felles interpellasjon på båe sider, så kjem me til å følgje opp vidare også, seier Stian Skorgen Scheide.

Han fortel at i Ulstein har dei diskutert tilhøva for mjuke trafikantar langs vegen, men dei har ikkje diskutert brua. Dei har tenkt at det er fylket sitt ansvar, men no meiner han det er på tide at dei tar grep.

Høgre vil få kommunane til å regulere, så fylket kan setje prosjektet på prioriteringslista. Fylket vedtar årleg lister over kva tiltak dei skal prioritere.

Stor trafikk over brua

Dragsundbrua vart opna i 1953, og mykje har skjedd sidan den tid. Trafikken har auka mykje. Kvar dag køyrer det bilar, bussar og vogntog over brua. Årsdøgntrafikken i 2021 var på 6138 køyretøy i døgnet. Før pandemien slo inn var trafikken oppe i 6500 køyretøy i døgnet. Til samanlikning var trafikken på 90-talet 3200 køyretøy i døgnet.

Storøy og Scheide har vanskeleg for å forstå at Tresfjordbrua med 2193 bilar i døgnet blir prioritert framfor Dragsundbrua når ein ser på trafikkmengda. – Det er heilt klart at denne brua er underdimensjonert, seier Scheide.

Dei viser til at fylkesveg 61 er ein særs viktig samferdselsveg for verdiskaping gjennom fylket. Vegen og brua er viktig for næringslivet, arbeidsmarknaden generelt i regionen og innbyggjarane. Dagleg går det 500 vogntog over brua.

foto

Mange farlege situasjonar

Medan representantane var på Dragsundbrua i lag med Vikebladet Vestposten og Vestlandsnytt oppstod det fleire farlege situasjonar. Det er små marginar for at der ikkje skjer ei ulukke.

– Kva i alle dagar om det skjer ei ulukke og denne brua skal bli stengt, seier Storøy.

– La oss ta denne brua før det skjer ei ulukke, seier Scheide.

Dei er klare på at dette blir ikkje berre problem for Ulstein og Herøy, men for heile regionen. Høgre-laga har vore i kontakt med fylkespolitikar Anders Riise, som støttar dei fullt ut i denne saka.

– Har det skjedd noko spesielt no, sidan de no tar grep?

– Det har alle tider vore snakka om, men aldri liksom blitt tatt tak i. No vart det sett litt ekstra fokus på det ifrå gamleordføraren (Arnulf Goksøyr), svarer Storøy.

foto

Ho reagerer på at svaret på utspelet til Goksøyr var at brua er i teknisk god stand, for det er ikkje det som er problemet. Det er fint at brua er i god teknisk stand, men det er trafikktryggleiken som ikkje er god.

Dei veit at slike saker tar tid, med regulering og prioritering og gjennomføring. Så no må ein kome igang.