Skattedirektør Nina Schanke Funnemark oppmodar alle til å bruke tid på skattemeldinga, uavhengig av om du ligg an til å få pengar til gode eller restskatt.

– Vi veit at det er svært mange som interesserer seg mest for om det vart minus eller pluss i skattemeldinga. Mange ser nok over tala ekstra nøye viss det vart restskatt, men det er viktig å sjekke tala nøye anten du enda i minus eller pluss, seier Schanke Funnemark.

Skattemeldingane har vorte sende ut frå torsdag 7. mars, og dei to vekene som har gått har omtrent 3,5 millionar sjekka skattemeldinga si. Over 1,4 millionar har allereie levert skattemeldinga.

Dei førebelse tala viser at 2,7 millionar personar ligg an til å få skatt til gode. I gjennomsnitt blir dette 17 200 kroner per person, og til saman er det 46,1 milliardar. Dette er høgare enn tidlegare år.

1,2 millionar ligg an til restskatt på til saman 40,4 milliardar kroner. I gjennomsnitt utgjer dette 34 500 kroner per person.

(©NPK)