Ein buss hadde ifølgje tipsarar på staden køyrt utfor vegen på Sørestranda - mellom Eiksundtunnelen og Helgehorntunnelen. Ulukka fann stad søndag kveld. Passasjerane såg ut til å ha kome seg trygt ut av bussen.

Klokka 21.30 fortalde operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Møre og Romsdal politidistrikt at det i alt var ti passasjerar om bord i bussen då den køyrde av vegen. Ingen av desse blei skadde - og situasjonen blei rekna som udramatisk av politipatruljen på staden.

foto
Foto: Tipsar.