- Det landa ein flokk på 12 grågås og starta å beite på grøne grastustar, seier Endresen til Vikebladet Vestposten og held fram:

- Kanskje var det fortroppa med "speidarar" som skulle sjekke ut forholda? Uansett trur eg dette må vere rekordtidleg tilbakekomst.

Vanlegvis tilbake tidlegast i februar

Grågås (anser anser på latin), er ein kortdistansetrekkfugl. Normalt sett brukar grågåsa å kome tilbake til våre trakter eit stykke ut i februar eller til og med i mars, meiner Endresen.

- Eg bur sjølv på Kalveneset i Herøy, og der ser vi ikkje grågåsa før i dei tider. Så dette trur eg i alle fall må vere så tidleg eg har sett dei kome tilbake. Det var litt overraskande å sjå, seier han.

Overvintra?

Også Erlend Garshol Notøy, som jobbar i teknisk etat i Ulstein kommune, har teke kontakt med lokalavisa.

- Eg kan stadfeste at den flokken med gås har vore på Flø i minst ei veke allereie. Vi har ofte kontrollar der ute og observerte dei i alle fall tidleg i førre veke, kanskje også veka før der igjen, seier han.

Også ein av innbyggjarane på Flø har kontakta avisa. Vedkomande ønskjer ikkje namnet sitt i avisa, men skriv følgjande: "Hei! Ser det vert spekulert i denne flokken med grågås på Flø. Den har nok overvintra her. Eg bur på Flø og har observert den her ute i haust og no i vinter. Det ser ut til at den trivast godt her ute."

Har du sett grågås tidlegare enn dette i år? Send oss gjerne ein epost til redaksjon@vikebladet.no.