Sebastian AS i Ulsteinvik opna 1. mars avdelingskontor i Rio de Janeiro, Brasil. Mannen som skal styre kontoret, er på plass. Jarle Uri er sunnmøring, men har budd lenge i Sør-Amerika og snakkar flytande portugisisk.

– Vi har arbeidd i lang tid for å opne eit utanlandskontor. No fall valet på Basil. Det er to grunnar til det, forklarer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy:

– For det første har vi funne rette personen. Slike folk er vanskeleg å finne. Vi er veldig kresne, for vi skal heile tida by kundane våre dei beste tenestene.

– For det andre er det dårlege tider i offshorebransjen, men med eitt unntak: Brasil. Landet har store, tunge utbyggingar i oljesektoren framover. Dei vil trenge fartøy i avanserte DP-operasjonar. Dette er ein marknad som vi ønskjer å nå tak i, og då er det viktig å vere til stades. Vi har hatt operasjonar i Brasil sidan 2003, men store reisekostnader har gjort at vi ikkje har vore så konkurransedyktige i dette området.

Tung satsing

Bjøringsøy legg ikkje skjul på at dette er ei stor og tung satsing frå Sebastian si side. Men han er overtydd om at dei gjer det rette.

– Jarle Uri har den rette bakgrunnen. Han har jobba både som FMEA-Auditor og som elektro/automasjonsingeniør. I tillegg har han erfaring frå avanserte DP-operasjonar om bord i skip.

Uri har også leiarbakgrunn og har jobba mange år som administrerande direktør – både i Thailand og Norge. Han kom til Rio de Janeiro i 1999, og har budd der fast sidan 2007. Derfor kjenner han forholda godt.

Stor kulturforskjell

Uri er opphavleg frå Longva – med mor frå Herøy. På spørsmål om korleis det er å arbeide i Brasil, svarar Uri:

– Det er greitt, men du må sjølvsagt gjennom ein tilvenningsprosess. Forretningskulturen er svært ulik vår. Då gjeld det å vere merksam på at det vi som må tilpasse oss. Då tenkjer eg ikkje på korrupsjon og slikt som har vore oppe i media i det siste, men andre sider ved kulturen. Brasilianarane er eit folkeferd som er nokså «laid back», men får du ein brasiliansk venn, har du ein venn for livet. Det er viktig å skaffe seg venner, for då vil dei kunne fungere som døropnarar. Det er spesielt viktig i Brasil.

– Vi hadde ikkje kunna starte opp så raskt i Brasil om det ikkje var for at vi har fått fatt i ein mann som alt bur der. Så er det ein bonus at han snakkar språket flytande, konkludere Bjøringsøy om han som no skal leie Sebastian do Brasil.

Aukande interesse for Brasil

Investeringskutta i norsk oljebransje har ført til aukande interesse for å etablere seg i Brasil. Satsinga til Statoil i landet har blitt ei suksesshistorie. Men det brasilianske oljeeventyret har truleg berre så vidt byrja. Nye funn gir eventyrlege utsikter og kan bli ei gullgruve for det norske selskapet, som har produsert olje i Brasil sidan 2011.

Med 20 års erfaring innan olje og maritim industri har Sebastian samla opp kunnskap og erfaring over ein brei skala. Teamet i selskapet har omfattande erfaring frå arbeid på verft, mobile offshoreinstallasjonar og om bord i skip. I det heile kan selskapet skilte med ein kombinasjon av ingeniørkunnskap og kapteinserfaring som garanterer for ein påliteleg og effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis), som er eit av Sebastians hovudområde.

Fakta om Sebastian:

Sebastian AS vart etablert i 1994. Selskapet har i dag 11 tilsette. Dagleg leiar er Johannes Kristian Bjøringsøy. Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik sentrum.

Omsetning: 17,5 millionar kroner. Resultat 2,4 millionar kroner (2013-tal)

Sebastian har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og

mobile offshoreinstallasjonar.

Selskapet har to forretningsområde. Consultancy & Engineering og DP & FMEA.