I desse dagar reiser ein delegasjon frå reinhaldsverket i Ørsta og Volda (VØR) nedover til Tønsberg for å studere biogassanlegget til GreveBiogass, skriv Møre-Nytt

Biogassalegg:

Tanken er å sjå om det er muleg å få til eit slikt anlegg på Melsgjerdet i Ørsta. Spørsmålet blir då om det også kan vere noko for SSR-området.

Greve Biogass baserer seg halvt om halvt på matavfall og gjødsel frå landbruket. Nasjonale styresmakter har som mål at 30 prosent av all husdyrgjødsel innan 2020 skal innom eit biogassanlegg for å ta ut den miljøskadelege metangassen. Dette målet har Vestfold allereie oppnådd gjennom Greve Biogass.

Reinhaldsverket i Øsrta og Volda ønskjer å finne ut om det er muleg å bygge eit fullverdig biogassanlegg, slik at matavfall og husdyrgjødsel ikkje vert køyrt ut av distriktet og for at verdiskapinga kan skje lokalt. Det vert laga eit forsprosjekt i løpet av våren.