Onsdag ettermiddag vart PSV-fartøyet “Blue Guardian” døypt ved Ulstein verft i Ulsteinvik. Gudmor Elsa Kleppe, rekneskapsførar i Ulsmo AS, strålte under dåpen.

Vellukka dåpsseremoni

Administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein Verft, opna seremonien med nokre ord frå talarstolen.

­– Det er ei stor glede og æra å få presentere denne båten. Bygg nummer 298 er den femte båten i ei serie på seks, til eit reiarlag som høyrer til i familien av Ulstein-bedrifta. Verftet har dei seinare år bygd frå dei enkle til dei mest avanserte offshorefartøy. Det er hyggjeleg at vi kan byggje og levere fartøy etter konkurransedyktige vilkår. Frå prosjektleiinga blir det meldt om ein flott gjeng som har vore med på å byggje denne båten. Det har vore synt stor innsatsvilje, der det også har blitt teke ekstra tak når det har vore behov for det, fortel Sætre til forsamlinga.

Vidare fortel Sætre om prosessen frå då skroget vart bygd i Ukraina til det vart levert ved Ulstein Verft 20. mars.

– Bygg 298 har vore på Ulstein Vert berre i 112 dagar. Det var 27 dagar mindre enn den førre båten. Sjølv om påska kom inn i byggeperioden til ”Blue Guardian”, er dette ein rekord for Ulstein Verft, fortel Sætre nøgd.

Avslutningsvis rettar Sætre ein takk til alle involverte i prosjektet.

– Frå verftsleiinga vil vi takke alle som har stått for gjennomføringa av dette prosjektet. Både eigne tilsette og dei som vi leiger inn. Takk til Veritas og Skipskontrollen for god innsats, og alle leverandørar som har bidrege positivt til dette prosjektet. Stor takk til prosjektorganisasjonen ved Ulstein Verft, leiande av Per Svein Brekke. Frå verftet vil vi også takke for eit godt og konstruktivt samarbeid med reiarlaget, avsluttar Sætre.

Etter talen til Sætre, fekk gudmor Elsa Kleppe stige fram til mikrofonen for å ønskjer “Blue Guardian” hell og lukke på dei sju hav. Kleppe knuste flaska på første forsøk.

Den vellukka dåpen vart motteken med stor applaus frå publikummet på kaia.

Klar for oppdrag

“Blue Guardian” er bygg nummer 298 frå Ulstein. Plattform-forsyningsfartøyet har kontrakt på å vera støttefartøy til jackupriggen Maersk Gigant, som skal jobbe på to ulike brønnar i Nordsjøen.

Kontraktane er inngått med høvesvis Det Norske Oljeselskap ASA og Repsol Exploration, og har ei estimert totallengd på fire månader. “Blue Guardian” tek til i arbeidet i midten av juli.

Fartøyet er eigd av Blue Ship Invest, og vil bli drifta av Remøy Shipping.

Designen har synt seg å vera ettertrakta i marknaden, der alle av dei tidlegare leverte skipa for Blue Ship Invest har gått inn på faste kontraktar.

Administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft Foto: Joar Ødegård