Det ser ut til å verte ein heller vindfull og blaut nyttårsaftan, skal vi tru varselet frå meteorologane.

I følgje Yr.no  kan vi vente oss regn og vestleg  opptil full storm først på dagen. Vêret vil betre seg noko, men bra vert det ikkje. Frå ettermiddagen kan vi vente oss nordvestleg stiv eller sterk kuling og sludd- og snøbyger.

Vinden vil halde fram også søndag, også då som stiv og til dels sterk kuling frå nordvest. Det vert sludd- eller snøbyger.