Lokalavisa var ikkje invitert til markeringa, men har fått tilsendt både bilde og nokre stikkord frå kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune, Erlend Friestad.

Tordis Korshamn vart fødd 11. januar i 1924, og ifølgje Friestad er ho for tida den eldste personen i Hareid kommune.

Ho vaks opp i Korshamna i Hjørungavåg, som nummer fire i ein søskenflokk på åtte. Ho hadde fire brør og tre systrer.

Tordis arbeidde som tenestejente på ulike gardar, før ho reiste til Oslo som 25-åring. Der studerte ho til å bli sjukepleiar og seinare jordmor. Det meste av arbeidslivet hadde ho på Aker sjukehus, men ho var også innom jobb på Ullevål.

I 1987, då hadde vorte pensjonist, flytta ho tilbake til Hjørungavåg og har sidan det budd i Hareid kommune.

Det siste året har ho budd på sjukeheimen. I tolv år før det budde ho i leilegheit på Hadartun.

Tordis har ingen familie sjølv, men mange av dei ho er tante til var med og feira 100-årsdagen i Vinterhagen torsdag.

Det vart servert heile tre blautkaker, og ordførar Bernt Brandal gav blomar frå kommunen og las helsing til jubilanten frå kong Harald.