I går var det feiring på Kleven med kake for nye kontraktar. I dag sender selskapet ut pressemelding om at dei har starta ein prosess for å finne konsernsjef Ståle Rasmussen sin etterfølgjar som leiar av skipsbyggingskonsernet. Dette er noko Rasmussen og styret i Kleven har blitt samde om.

– Dette er riktig tidspunkt å gjere ei endring på. Selskapet har vore gjennom ei avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i heile denne fasen. Eg ønskte ikkje å vere ein kaptein som forlet skuta før ho var berga, seier Ståle Rasmussen i ei pressemelding. Han ser det som naturleg med eit skifte no, med nye eigarar og nytt styre på plass.

– Det viktigast for meg gjennom den krevjande perioden selskapet har vore i, har vore å berge størst mogleg aktivitet og sørge for flest mogleg arbeidsplassar lokalt. Selskapet er gjennom internasjonal utvikling blitt ein vesentleg aktør i mange marknadssegment, og dei lokale ringverknadene har vore og er svært store, seier Rasmussen.

– Kleven har under Ståle Rasmussen si leiing vore gjennom store endringar og gjennom skiftande marknadssituasjonar. Styret set pris på at han held fram som konsernsjef fram til det er avklart kven som blir etterfølgjaren hans, og på den måten er med på å sikre ei god plattform for Kleven si vidare utvikling, seier styreleiar i Kleven, Leif Teksum, i same pressemelding.

Les intervju med Ståle Rasmussen her.