Anita Ulstein, som sit i hovudstyret for Filadelfia i Ulsteinvik, fortel at dei tidlegare år har reist inn til Volda. Men no byrjar dei bli så mange, og har flotte lokale i to etasjar som dei leiger. Dei tidlegare butikklokala til Bunnpris var ikkje til å kjenne igjen.

Oppe i andreetasjen var det Barnas pinse, medan dei vaksne fekk høyre på den tilreisande pastoren Einar Nymoen, der temaet var «Heimebane – bortebane. Å vere kyrkje i dag». Talen var delt i tre: éin sundag føremiddag, éin sundag ettermiddag og siste del måndag.

Nymoen meinte at kyrkjene må kunne tilby moderne menneske noko som er relevant for dei, også etter dei har forlate salen. Han fortalde ope om korleis han sjølv hadde møtt veggen for nokre år sidan, og byrja tvile på at Gud fanst. Men gjennom varmen og kjærleiken han fekk frå eit anna menneske, fekk han trua tilbake. Gud viste seg for han gjennom andre menneske. Når det skjer noko godt gir han Gud æra. – Har du nokon gong blitt sett av eit anna menneske på ein slik måte at du tenkjer: No vart eg sett av gud?, spurte han forsamlinga.

Pastoren samanlikna gudsbiletet sitt med synet på kongehuset: Me likar dei for at dei går kledd som oss, men likevel er opphøgd. Som kong Haakon steig ned og slurpa kaffi frå skåla i lag med den gamle mannen, så han ikkje skulle kjenne seg ille til mote, er også Gud ein av oss. Ein treng ikkje gjere seg til for han. Han fortalde om korleis Jesus såg grupper av menneske som ikkje elles vart sett, som borna spedalske, fattige og kvinner. Sånn fekk også fleire opp auga for desse gruppene.

Sjølv om få menneske på gata truleg kan svare på kvifor me feirar pinse, eller stiller seg rimeleg likegyldig til det, meinte Nymoen at pinsa er ei veldig religiøs tid. For det var då den heilage ande viste seg første gong for menneska. Og kven veit, kanskje han også viser seg for oss på slutten av dette møtet, sa pastoren.

Pastoren meinte ein bør våge å bruke tid med Jesus, då kan ein også merke noko. Det er ikkje alltid kjappe løysingar er best.

På møtet vart Gud takka for at han kom og var til stade. Og etter ein del song der dei lovprisa Herren, vart forsamlinga vitne til profetisk tale og tungetale, der ein tenkjer seg at det er Gud som talar gjennom folk.