Viss tanken har slått deg at det kunne vere greit å kunne italiensk når du er i Italia, kan du gripe sjansen no. May Britt Stokkevåg, som har budd i Italia i fem år, startar torsdag 11. september opp eit italienskkurs for nybyrjarar.

Kurset går over åtte kveldar, og skal gå føre seg ved Ulstein vidaregåande skule.

Stokkevåg opplyser at kurset er på det som blir kalla nivå A1, og at det ikkje er naudsynt å kunne noko italiensk frå før.

Kurset blir ein introduksjon til det italienske språket, også med ei lita innføring i italiensk kultur.

May Britt Stokkevåg budde dei fem åra i Italia i ein liten by som heiter Porto Potensa, litt sør for Ancona. Ho flytta tilbake til Norge i 2002.

Dante og Aasen

Akkurat no jobbar ho med ein master i nynorsk skriftkultur. Der kombinerer ho Aasen og Dante, først og fremst språkforskaren Dante.