Etter at Ulstein Verft la ned verksemda i Vanylven, var politikarar i Vanylven kommune og Vanylven Utvikling samla til eit møte for å drøfte konsekvensane av nedlegginga, og kva for tiltak kommunen kan setje iverk.

Eigd av Ulstein

Området som blei regulert om til industriområde så seint som i 2010, er eigd av Ulstein-gruppen. Bygningsmassen er eit sameige mellom Ulstein-gruppen og Vanylven kommune.

- Det er heilt avgjerande for kommunen si vidare handtering at vi no får ei avklaring frå Ulstein-gruppen om deira planar for området, seier ordførar i Vanylven, Jan Helgøy.

Godt samarbeid

Ordføraren og politikarane i Vanylven viser til at kommunen alltid har vore opptatt av å legge forholda godt til rette for å gi Ulstein best moglege rammer for drift av verftet. Vanylven har sidan oppstarten i 1970 hatt eit godt samarbeid med Ulstein, og reknar difor med at Ulstein viser forståing og imøtekjem Vanylven sine behov for ei rask avklaring.

Offensive

- Det verste som kan skje er at området blir liggande uverksamt i lang tid og blir eit negativt monument over Ulstein-gruppen si verksemd i Vanylven. Men eg er heilt sikker på at Ulstein-gruppen også no viser samfunnsansvar slik at vi i fellesskap kan finne gode og framtidsretta løysingar for området, seier ordførar Jan Helgøy.