Det er MCO Bygg AS, som sel husa på oppdrag av ConstructerAS.

- Flott plassering

- Vi gler oss til å ta fatt på dette prosjektet. For tida byggjer vi på austsida av Nye Høddvoll Stadion, og vi får stadig spørsmål om vi har nye husvære å tilby i Ulsteinvik, fortel salsleiar Nils-Erik Skeide i Constructer.

Han meiner lokaliseringa av «Joakimbakken» er unik.

- Husa ligg berre eit steinkast unna kjøpesenteret Amfi Ulsteinvik, og det er kort avstand til alle sentrumsfunksjonar. Likevel er der landlag og roleg.

Moderne arkitektur

Skeide legg til at bustadene tilfredsstiller krava som bransjen i dag stiller til isolasjon og energiforbruk. Dermed blir det låge bukostnader og eit lågt energi- og oppvarmingsbehov.

- Med moderne arkitektur, praktiske og effektive planløysingar og ei fin plassering vil dei som skaffar seg eit husvære i  Joakimbakken få det som rosina i pølsa, meiner Nils-Erik Skeide.